Ein kvilestein – 2008 –
av; Bernt Tungodden
Lokalt vil forfattaren vere kjent av mange frå tidlegare diktsamlingar. «Ein kvilestein», som er tittelen på årets samling, er den fjerde boka ho har gitt ut.
Diktsamlingane til Anna Lyngøy er både innhaldsrike, meiningsfylte og presenterte på ein svært vakker måte. Diktsamlinga er ei glede for både auge, sinn og hjarte. Som ein tråd i dikta er livssynet og bodskapen det sentrale. Dikta er forma med enkle, kvardagslege, tankevekkjande ord og uttrykk i ein lettlesen stil. Samlinga gir lesaren meir enn berre glede og inspirasjon. Kvart av dei små dikta gir grunnlag for djupe, meiningsfylde refleksjonar.Det er det sentrale og verdfulle ved denne diktsamlinga.
i titteldiktet «Kvilesteinen» heiter det:
|
|
|
I samarbeid med den lokale kunstnaren Magna Eknes som har illustrert boka med vakre illustrasjonar, er diktsamlinga ei perle som lesaren vil finne stor hugnad i å lese. Illustrasjonane underbyggjer på ein fin måte tankane i dikta. Det er skjeldan å sjå ei så vakker diktsamling som framhevar innhaldet og bodskapen på ein verdig og stilrein måte.
Anna Lyngøy viser med desse diktsamlingane at ho har evne til å formulere klart og presist tankar som lett når fram til lesaren – og som gir lesaren inspirasjon, glede og hugnad. Det er litteratur vi har sterk trong for. Det er verdfull litteratur av varig verd.
«Diktbøkene har alle fått god omtale i lokalavisene.»
| Avis | Bokmelding |
|---|---|
| – Kvardagstankar – Rotfeste – Det gylne anker |
|
![]() |
– Rotfeste – Ein kvilestein |
| – Rotfeste – Ein kvilestein |
|
![]() |
– Det gylne anker |