Rotfeste – dikt frå kvardagslivet – 2004 –
av; Elisabeth Netland
Anna Lyngøy er no ute med si andre diktsamling. Også denne handlar om smått og stort i kvardagen. «Rotfeste» har Lyngøy kalla denne diktsamlinga. Ho skriv lett og ledig om store tankar og om meir kvardagslege ting.
– Den forrige diktsamlinga som kom ut i 2002, har gjeve meg fine tilbakemeldingar. Eg takkar varmt for det, skriv Lyngøy i forordet i boka.
Anna Lyngøy kjem frå Leiknes i Nordhordland, ho er hjelpepleiar og har tre vaksne barn. Etternamnet sitt har ho frå Øygarden, der mannen Sigmund stammar frå.
Det er dei nære ting som opptar Anna Lyngøy. Men sidan nære ting er like for dei fleste av oss, blir dikta hennar allmenngyldige. Ho set ord på tankar og kjensler som alle kan kjenne att. Som når ho skriv om gleda ... Men Lyngøy skriv også om meir prosaiske ting, som tildømes den gamle vaskemaskina ...
Diktsamlinga er rikt illustrert med vakre bilete. Dei er det Sigmund Lyngøy som står bak.
«Diktbøkene har alle fått god omtale i lokalavisene.»
| Avis | Bokmelding |
|---|---|
| – Kvardagstankar – Rotfeste – Det gylne anker |
|
![]() |
– Rotfeste – Ein kvilestein |
| – Rotfeste – Ein kvilestein |
|
![]() |
– Det gylne anker |