Kvardagstankar i Dikt l Rotfeste l Det gylne anker l Ein kvilestein

Tekstkroll

Bokmeldingar

StrilenEin kvilestein – 2008 –
av; Eli Fjelde Vikan
På Leiknes i Osterfjorden bur Anna Lyngøy, ei kvinne som har mange gode tankar om eitt og hitt. Nokre av tankane har no vorte til fire diktsamlingar, der den siste er kalla «Ein kvilestein».
I boka set ho ord på refleksjonar ho har gjort seg gjennom livet. Her finn du både enkle og djupe tankar; slike som dukkar opp hjå alle om vi berre tek oss tid til å finna ein kvilestein under vegs.
Her ligg tankar om det som rører seg i tida og i liva våre, såre tankar, og mange glade tankar får vi del i. Versa er nydeleg bundne saman med fotografi og teikningar av kunstnaren Magna Eknes. Desse to har verkeleg funne tonen saman slik dei utfyller kvarandre gjennom tekst og illustrasjon. Det som har fenga meg etter å ha lese alle bøkene, er kor «lekre» dei tek seg ut. Gjennomført orden frå først til sist, slik at ein gler seg til å opna bøkene og lesa. Anna Lyngøy seier sjølv at ho heile tida har fått god hjelp med layout frå ID fix design på Frekhaug, og rettar ein stor takk dit.
Fleire av tankane til Anna er reine aha-opplevingar. Dei kan godt lesast fleire gonger. Somme av dikta har det i det siste vore sett melodi til av ein annan kjend og kjær person i bygdene våre; Otto Aksnes. Desse kjem etter kvart på CD, sikkert til glede for fleire. Otto Aksnes har sjølv den fine tonen i musikken sin, og alle desse tre gjer ordveven fullkomen.
Det er vanskeleg å velja ut eit spesielt vers, men siste verset i diktet «I Guds hage», må eg nevna. Der heiter det:

Også ei kvardagsside som er aktuell for mange eldre i våre dagar, vil eg trekkje fram. «Fru Vente» sit heime i rullestol og ventar på hjelparen frå kommunens om skal gje ho ein etterlengta dusj. Men alle stader skal det sparast, og her kan ein få vita korleis kvardagen er for dei som treng hjelp til det meste!
Dette er ei gåvebok til dei du er glad i!

«Diktbøkene har alle fått god omtale i lokalavisene.»

Avis Bokmelding
Nordhordland – Kvardagstankar
– Rotfeste
– Det gylne anker
VestNytt – Rotfeste
– Ein kvilestein
Strilen – Rotfeste
– Ein kvilestein
Bygdanytt – Det gylne anker