Kvardagstankar i Dikt l Rotfeste l Det gylne anker l Ein kvilestein

Tekstkroll

Rotfeste

Rotfeste «Rotfeste» er den andre boka til Anna Lyngøy.
Boka inneheld dikt frå kvardagslivet no – og ifrå tidlegare tider. Dikta er både muntre og alvorsame. Anna Lyngøy skriv på ein lettfatteleg måte, slik at lesaren kan kjenna seg att, og kanskje finna tilbake til eigne minner –
Boka har smussomslag i tillegg til gull-gravert omslag som dei andre bøkene.
Teksten til høgre er eit lite utdrag frå forteljinga «Eit barndomsminne».

Eit barndomsminne

...Tidleg om morgonen den 9.april, vart soldatane tekne på senga av tyskarane. Vidare vart dei tekne til fange. Fyrst på marineholmen, og seinare kom dei ombord på to båtar, Jupiter og Leda. Desse båtane låg på Eidsvågbukta.
Etter bestefar sine dagbok-notatar, var det 740 mann. Ifrå 9.april og fram til 22.april, visste vi heime ingenting om far. Levde han? Var han mellom dei fallne?
Det vart tunge dagar. Særleg for ho mor. –
Barnehender vart folda under dyna.
Kvar kveld.
«Kjære Gud! Send far heimatt til oss!»...


; utdrag frå boka «Rotfeste»