Det gylne anker – ei vakker diktsamling 2006
av; Bernt Tungodden
Anna Lyngøy har kome med si tredje bok. Den siste «Det gylne anker» inneheld 23 dikt. Ho skriv i forordet at tittelen speglar av det ankerfeste ho har frå ein god barndom, hennar kristne tru, frå bygda ho vaks opp og ein god familie.
Det er såleis eit personleg bodskapho vil bere fram – og dele med lesaren.
Det er enkle, men innhaldsrike og velforma dikt med eit klart bodskap.
Dei mange illustrasjonane gir rike assosiasjonane og berikar kvaliteten i diktsamlinga... Lesaren blir engasjert og får opplevingar som nok vil føre til at boka blir flittig lesen i ulike samanhengar.
Anna lyngøy er ein lokal forfattar. Boka som er utgitt på eige forlag, er innbunden og vakkert utstyrt som høver for det verdfulle innhaldet. Dette er ei diktsamling ein blir glad i, dikt som gir inspirasjon, gir oppmuntring og livslyst.
Det er sagt at det vakraste og djupaste ser vi ikkje med augo, men med hjarte. «Det gylne anker» er ei diktsamling som talar sterkt til hjarte – dikt ein gjerne les om att ofte – ein finn stadig nye tankar som lever lenge i sinnet...
...Det er ei glede og ein litterær rikdom for miljøet å ha lokale forfattarar som har skaparevne til å lage så fine dikt. Anna Lyngøy gir oss enkle, varige litterære skattar som lever lenge. Det gjer diktsamlinga verdfull.
«Diktbøkene har alle fått god omtale i lokalavisene.»
| Avis | Bokmelding |
|---|---|
| – Kvardagstankar – Rotfeste – Det gylne anker |
|
![]() |
– Rotfeste – Ein kvilestein |
| – Rotfeste – Ein kvilestein |
|
![]() |
– Det gylne anker |