Kvardagstankar i Dikt l Rotfeste l Det gylne anker l Ein kvilestein

Tekstkroll

Bokmeldingar

NhKvardagstankar – til ettertanke – 2002 –
av; Bernt Tungodden
I haust debuterer Anna Lyngøy frå Leiknes på eige forlag med ei samling ho kallar kvardagsdikt. Det er dikt som har kome i kvardagen – dikt som er blitt til og har modnast over fleire år. Frå kjøkkenskuffa har ho samla dei, skriv forfattaren. Vi finn dikt som spenner over mange emne: «Mi vesle verd», «Min barndoms dal», «Eit vengepar», «Ved barnesenga», «Medmenneske», «Vennskap» og «Medan vi lever» – for å nemne nokre ...
... Det er lett å oppdage den positive, medmenneskelege og venlege kjernen i dikta som har fått eit enkelt, men naturleg velforma språk. Dei er vel gjennomarbeidde med klåre tankar og inspirerande bodskap. I tanke og sinn får vi oppleve det enkle og vakre som kvardagen kan gi i nært samvær med kjende og kjære i næmiljøet. Det er lett å følgje forfattaren i dei fine og vare skildringane ho gir. Anna Lyngøy er oppteken av det nære, men viktige i våre daglege opplevingar som gir livet eit varmare og rikare innhald.
Boka som er vakkert illustrert i fargar og innbunden, er eit heilstøypt arbeid, som det er ei glede for auge og hjarte å lese. Dette er ikkje dikt ein berre les og legg til side. Her er tankekorn ein har lyst å vende tilbake til – og glede seg over.

«Diktbøkene har alle fått god omtale i lokalavisene.»

Avis Bokmelding
Nordhordland – Kvardagstankar
– Rotfeste
– Det gylne anker
VestNytt – Rotfeste
– Ein kvilestein
Strilen – Rotfeste
– Ein kvilestein
Bygdanytt – Det gylne anker